GjendebuGjendebu_Impressionen
navi norsk
kontaktGjendinelinksut pĆ turspoersmaalprisarreisehoss oss
T-market
På tur i Jotunheimen
Du treng ikkje bere tung sekk for å gå langtur i Jotunheimen! Dersom du skal gå frå hytte til hytte i Jotunheimen bør du kunne klare deg med ryggsekk på 7 til 10 kg, sjølv om turen varer ei veke eller lenger. Pakk med omhu med max 7 kg som mål. Særleg hvis du er i dårleg eller middels form, kan ein tung sekk legge ein dempar på ein ellers flott naturopplevelse.

Sjølv om du skal gå berre på T-merka stiar (som det er mange av i Jotunheimen), blir det forventa at du har med kart og veit slik omtrent kvar i verden du er til ei kvar tid.
1. Klær

fjellsko (du bør gå inn nye lærsko før turen!)
klær for varmt vær (shorts, T-skjortex) Lokalt har vi svært ofte dagtemperaturar over 20°C
klær for kulde, regn og vind (bomullsanorakk, Gore-tex el + eit sett isolerande klær).
regnbukse og evt. gamasjer.

MERK: Vi anbefaler fleece som isolasjonslag. Det er lett å bere og lett å tørke. Ull er naturlegvis suverent hvis du likar å gå med det. Dongeri er ikkje brukbart til vandreantrekk!
2. Dette bør du ha i lommane

kart og kompass,
blyant og papir
solbriller
solkrem - og evt. myggserviettar,
litt sjokolade eller snacks til «trøstespising»
3. Dette bør du ha i ryggsekken din

(pakk det i posar frå Rimi e.l. så det held seg tørt. Lag ditt eget pakkesystem slik at du slepp å tømme heile sekken for å finne gnagsårplaster.)

eit lett klesbyte til bruk på hytta. Særleg lette sko til innebruk
badeantrekk / bikini
termosflaske (vi fyller denne for deg om morgonen),
matboks (du smører lunsj/niste ved frukostbordet),
toalettartiklar,
handkle,
toalettpapir / papirlommetørklær,
sovepose eller lakenpose
stearinlys eller lommelykt, (evt. med ekstrabatteri)
fyrstikker eller lighter (vasstett pakke),
DNT-medlemskortet ditt
pengar eller kredittkort (du vil stort sett klare deg fint med litt kontanter og BankAcceptkort. (eller VISA/ Mastercard).

Vardet ryggsekken
Uansett kvar du skal gå: gjer det til ei ekstra utfordring å få ryggsekken så lett som muleg.
Den norske Tursitforening


Hjemesiden | Nyheter | Hos oss | Reise til oss | Prisar, sesong mm | Historie | Spøersmål? | Ut på tur | Lenker | Gjestebok | Kontakt oss
© Gjendebu 2004 - 2013
mailto: webmaster@gjendebu.com