NÅR HYTTA BLIR FULL:
Gjendebu ligg slik til at vi ikkje har mulegheit til å av-vise gjester, utansett kor fullt det er. I så fall vil det være minst 4-5 timar å gå til neste hus, berre for å risikere å finne nok ei full hytte. Dette kan på enkelte dager skape spesielle utfordringar både på mat- og losjifronten.
Sommaren 2006 hadde vi 23 dager med overbelegg. Utfordringa er at vi, i samarbeid med deg som gjest, utnyttar dei ressursane vi har på hytta optimalt. Gjestene våre er svært positive, og det er ingen tvil om at mange opplever det som både eksotisk og interessant å bli ?stappa? saman med ukjente folk. Det oppstår ofte eit skjebnefellesskap med flust av galgenhumor, og det er svært lett å kome i kontakt med nye venner.
Vi fordeler sengeplassane slik: Første prioritet er familier med barn. Desse prøver vi uansett å gi et eige rom, så får det heller våge seg om 2-barns-familier må klare seg med eit lite 2-sengs-rom. Dernest har folk over 60 fortrinnsrett på seng, og desse blir gjerne plassert i sengar på 2- eller 4-manns rom.
Du som er ung og sporty vil ofte foretrekke sovesal eller madrass på gulv, det er billeg og bra. Så når vi veit at hytta blir overfull vil vi alltid tilby deg sovesal/madrass først.
Kjem det gjenger/grupper som kjenner kvarandre, kan dei ofte bli lagt for eksempel 6 på eit 4-s-rom, få ei heil hytte med sovesalplasser, eller bli tilbydd ein eigen lavvo. Ved bestilling blir oftast graden av stapping avtalt før ankomst.
Når så alle senger, sovesaler og lavvoer er fyllte opp på denne måten, startar vi på nytt, med å legge nr 6 og 7 på 4-sengsrom, fylle alle kott og uthus, og til slutt ta i bruk peisstova til overnatting. Vårt mål når det er overfylt er at alle skal synest at dei har fått ei akseptabel behandling etterpå.
Gi oss beskjed ved ankomst om du har spesielle behov eller angst for å sove saman med andre. Som regel finn vi på noko!
... fleire spørsmål vi ofte får:
Ka tid kjem båten? 2 gongar dagleg, og alltid med ekstraturar når det er nødvendig. Du blir ikkje ståande att på kaia uten transport dersom du har møtt fram før rute-avgang. Men det kan ta eit par timar venting.
Bussen til Oslo?
Då må du ta båt eller gå til Gjendesheim eller Fondsbu. Sjå link til rutetabeller.
Kan du kjøre meg til Gjendesheim?... NEI. (sommer og vinter). Vårt vesle bidrag til miljøet og til naturopplevelsar av høg kvalitet, er at vi køyrer så lite med snøscooter og båt som muleg, i nasjonalparken. Vi har heller ikkje tillatelse til å transportere gjester.
Når er det frukost? 7.30 10.00
Når kan vi få middag? Vanlegvis 1.bordsetjing kl. 18.30, middagsserveringa varer til alle har fått mat.
Er det skikkeleg Hansa-øl? Ja..
Er hytta åpen heile året? Nei, berre i påska og ca frå st.Hans til midt i september.
Har du sett værmeldinga? Den er oppslått ved resepsjonen. Eller du kan sjekke med: DNT eller http://met.no.
Kor mykje vatn må eg ha med i sekken? Svært utbredt spørsmål frå utlendingar. Svar: Vanlegvis ingenting - evt. ei halvliterflaske i handa til å drikke av.
Kor lang tid brukar eg til ... Vi veit ikkje - for det er litt avhengig av kor fort du går! Mange tar dei normerte gangtidene på kartet som ein fasit, men du skal berre bruke akkurat så lang tid at du kosar deg! (+pauser!)
Jeg møtte ham hos dere men har mistet lappen medtelefonnummeret kan du se om du finner ham i gjesteboken det var natt til sist søndag .
Ja, men vi tar ikkje i bruk medlemskartotek eller datasystem for å finne han/henne!
Kvar kjem elektrisiteten frå? Vi prøver å få til eit miljøvennleg mikrokraftverk. I øyeblikket har vi 2 dieselaggregat; 27 og 48 KW. Spillvarme frå aggregata blir utnytta som energi til varmtvatn
Kor mykje diesel brukar de? 4-8 liter pr time - 15.000 liter pr år. Vårt energiforbruk pr gjest er omlag 20% av det som er vanleg for et hotell, eller ca 14 kWh pr overnatting. Vi ser som eit realistisk mål å få det ned mot 10 kWh.
Kva gjer de med avfallet? Alt brennbart blir brent saman med ved for produksjon av varmtvatn. Øvrig avfall blir kildesortert og returnert til kommunale mottak.
Kva heiter den blonde jenta med langt hår..? Spør henne sjølv!
Bur de her heile året? Nei.
Kva gjer de resten av året? Betjeninga er stort sett studentar. Anne Serine er lærar/spesialpedagog på vidaregåande skule (av og til) og Lars Åge er halvstudert kontorist av og til..