|
I nesten alle vatn og elvar som du finn i stort antall rundt Gjendebu, er det massevis av fin ørret. Fisketurar er både mosjon og avslapping, og svært egna som familieaktivitet.
Alle under 16 år kan fiske fritt overalt, med ei stong. Vi som er
|
|
eldre må løyse fiskekort, som kostar ca 40 kroner pr døgn for ei stong. Det finst variantar med familiekort, sesongkort, vekeskort osv.
For fiske med oter gjeld det heilt spesielle reglar som ein må setje seg inn i. Garnfiske er berre
|
|
tillate for bygdafolk og til spesielle tider. Frå 20.9. til 31.10. er alt fiske forbode. Merk deg også at Gjendevatnet ligg i Vågå kommune, og at det dermed må løysast eit Vågå-fiskekort for å fiske der. Dei fleste øvrige aktuelle vatn og elvar ligg i Lom.
På Gjendebu har vi fiskekort for både Lom og Vågå. Vi har også alle nødvendige regelverk som gjeld for fisking, og er du grei kan du muligens også få låne robåten vår for fisking i Gjendevatn.
|