Gjendebu er DNT (Den Norske Turistforening) si eldste hytte. Den vart vedtatt bygd i november 1868, berre 10 månader etter at foreninga vart stifta. I 1871 stod den første hytta ferdig, den var 45 kvm stor og gav plass til ca 12 turistar.
Seinare har hytta vore om- og påbygd ei rekke gongar, slik at det i dag er ei av DNT sine største hytter, med 119 sengeplasser. På det meste har det vore over 10.000 overnattingsgjester i løpet av ein månads vintersesong og 3 månaders sommarsesong. Det er etablert ein teltplass ved hytta, og utanom sesong kan sjølvbetjeningshytta brukast av DNT-medlemer.
Gjendebu ligg idyllisk til ved inste enden (vestenden) av Gjende. Gjende er avleia av gandr som betyr stav. Vatnet er 2 mil langt og forma litt som ein bøygd stav. Sjølv om heile Gjende ligg i Vågå kommune, ligg Gjendebu i Lom. Grunnen til dette er at bøverdøler hadde (og har) sætring i Storådalen og Memurudalen, og dermed danna hevdsrettar her sjølv om området ligg langt frå Lom.
Verdens høgastbelligende Beachvolley venter på deg.
Dei viktigaste nabohyttene er Gjendesheim, Memurubu, Fondsbu, Olavsbu, Leirvassbu og Spiterstulen. Frå Gjendesheim går det båtrute med anløp like ved Gjendebu to gongar dagleg i sommarsesongen.
Området rundt Gjendebu inneheld eit vell av fiskevatn, brear og tindar. Fiskekort gjev rett til stongfiske m.a. i Gjende, på Grisletjønnane, i Langvatnet og Storåi, og i dei mange småvatna på Memurutunga. Dagsturar til 2000-metarar er det mange av, men den enklaste er Svartdalspiggen. Knutsholstind og Semmeltind er også greie dagsturar som ikkje krev klatring, men likevel kan gje luftige opplevingar. For botanisk interesserte er turen frå hytta til Memurutunga via Bukkelegeret eineståande: her skal det være forekomst av 700 forskjellige planter.